7 Eg ser Kusjans telt ramma av ulukke,og teltdukane i Midjan skjelv.
8 Er du harm på elvane, Herre?Logar din vreide mot elvane?Er det havet du er harm pånår du rid fram på hestane dineog vognene dine gjev siger?
9 Du gjer bogen klarog legg pil etter pil på strengen. SelaDu kløyver jorda så elvar renn.
10 Fjella ser deg og skjelv,styrtregnet fossar ned,djupet lyfter røystaog lyfter handa mot det høge.
11 Sol og måne står stille i sin bustadnår lyset frå pilene fer hit og dit,lysglansen frå ditt lynande spyd.
12 I harme skrid du fram over jorda,i vreide trampar du folkeslag ned.
13 Du dreg ut for å frelsa ditt folk,for å frelsa han du har salva.Du knuser overhovudetfor huset til den urettferdige,kler av frå topp til tå. Sela