1 I det andre regjeringsåret til kong Dareios, på den første dagen i den sjette månaden, kom Herrens ord gjennom profeten Haggai til statthaldaren i Juda, Serubabel, son til Sjealtiel, og til øvstepresten Josva, son til Jehosadak:
2 Så seier Herren over hærskarane: Dette folket seier: «Tida er ikkje komen, tida for å byggja Herrens hus.»
3 Då kom Herrens ord ved profeten Haggai:
4 Er det tid for dykktil å bu i bordkledde husså lenge dette huset ligg i røys?
5 Men no seier Herren over hærskarane:Gjev akt på vegane dykkar!
6 De sår mykje, men haustar lite,de et, men blir ikkje mette,de drikk, men sløkkjer ikkje tørsten,de kler dykk, men blir ikkje varme.Og leigekaren får si løni ein pung med hol i.