4 Er det tid for dykktil å bu i bordkledde husså lenge dette huset ligg i røys?
5 Men no seier Herren over hærskarane:Gjev akt på vegane dykkar!
6 De sår mykje, men haustar lite,de et, men blir ikkje mette,de drikk, men sløkkjer ikkje tørsten,de kler dykk, men blir ikkje varme.Og leigekaren får si løni ein pung med hol i.
7 Så seier Herren over hærskarane:Gjev akt på vegane dykkar!
8 Far opp i fjellet og hent tømmer!Bygg huset, så vil eg ha glede i detog bli æra, seier Herren.
9 De ventar mykje, men sjå, det blir lite.De får avlinga i hus, men eg blæs henne bort.Kvifor? seier Herren over hærskarane.Fordi mitt hus ligg i røysmedan de har det travelt med dykkar eigne hus.
10 Difor held himmelen dogga tilbake,og jorda held grøda tilbake.