5 Men no seier Herren over hærskarane:Gjev akt på vegane dykkar!
6 De sår mykje, men haustar lite,de et, men blir ikkje mette,de drikk, men sløkkjer ikkje tørsten,de kler dykk, men blir ikkje varme.Og leigekaren får si løni ein pung med hol i.
7 Så seier Herren over hærskarane:Gjev akt på vegane dykkar!
8 Far opp i fjellet og hent tømmer!Bygg huset, så vil eg ha glede i detog bli æra, seier Herren.
9 De ventar mykje, men sjå, det blir lite.De får avlinga i hus, men eg blæs henne bort.Kvifor? seier Herren over hærskarane.Fordi mitt hus ligg i røysmedan de har det travelt med dykkar eigne hus.
10 Difor held himmelen dogga tilbake,og jorda held grøda tilbake.
11 Eg har kalla fram tørkeover land og fjell,over korn, ny vin og fin olje,over det som marka ber fram,over menneske og dyrog over alt det hendene har slite med.