1 På den tjueførste dagen i den sjuande månaden kom Herrens ord gjennom profeten Haggai:
2 Sei til Serubabel, son til Sjealtiel, statthaldaren i Juda, og til Josva, son til Jehosadak, øvstepresten, og til dei som er att av folket:
3 Er det nokon att mellom dykk som har sett kor herleg dette huset var før? Og kva ser de no? Ser det ikkje ut som ingenting?
4 Men no, Serubabel: Ver sterk!seier Herren.Josva, son til Jehosadak,du øvsteprest: Ver sterk!Heile folket i landet: Ver sterke!seier Herren.Gå i gang med arbeidet.For eg er med dykk,seier Herren over hærskarane.
5 Denne lovnaden gav eg dykkdå de drog ut frå Egypt.Min Ande er mellom dykk.Ver ikkje redde!
6 For så seier Herren over hærskarane:Endå ein gong, om ei lita stund,rister eg himmel og jord,havet og det tørre landet.