10 På den tjuefjerde dagen i den niande månaden i det andre regjeringsåret til Dareios kom Herrens ord til profeten Haggai:
11 Så seier Herren over hærskarane: Spør prestane om rettleiing:
12 «Om nokon ber heilagt kjøt i kappefliken og fliken kjem borti brød eller kokt mat eller vin eller olje eller annan mat, blir då dette heilagt?» Prestane svara: «Nei.»
13 Så spurde Haggai: «Men om nokon har vorte urein gjennom å røra ved eit lik og han så kjem borti noko av dette, blir det då ureint?» Prestane svara: «Ja, det blir ureint.»
14 Haggai tok til ords og sa: Slik er dette folket, slik er dette folkeslaget for mitt andlet, seier Herren. Slik er alt dei gjer med hendene, og det dei ber fram der: Det er ureint.
15 Men no, gjev akt på det som hender frå og med i dag! Før stein vart lagd på stein i Herrens tempel,
16 korleis gjekk det dykk då? Ein som kom til ein kornbinge på tjue mål, fann berre ti. Ein som kom for å ausa opp femti spann frå ei vinpresse, fann berre tjue.