5 Denne lovnaden gav eg dykkdå de drog ut frå Egypt.Min Ande er mellom dykk.Ver ikkje redde!
6 For så seier Herren over hærskarane:Endå ein gong, om ei lita stund,rister eg himmel og jord,havet og det tørre landet.
7 Eg rister alle folkeslagså skattane deira kjem hit.Eg fyller dette huset med herlegdom,seier Herren over hærskarane.
8 Mitt er sølvet, mitt er gullet,seier Herren over hærskarane.
9 Dette nye huset skal bliherlegare enn det første,seier Herren over hærskarane.På denne staden skal eg gje fred,seier Herren over hærskarane.
10 På den tjuefjerde dagen i den niande månaden i det andre regjeringsåret til Dareios kom Herrens ord til profeten Haggai:
11 Så seier Herren over hærskarane: Spør prestane om rettleiing: