7 Eg rister alle folkeslagså skattane deira kjem hit.Eg fyller dette huset med herlegdom,seier Herren over hærskarane.
8 Mitt er sølvet, mitt er gullet,seier Herren over hærskarane.
9 Dette nye huset skal bliherlegare enn det første,seier Herren over hærskarane.På denne staden skal eg gje fred,seier Herren over hærskarane.
10 På den tjuefjerde dagen i den niande månaden i det andre regjeringsåret til Dareios kom Herrens ord til profeten Haggai:
11 Så seier Herren over hærskarane: Spør prestane om rettleiing:
12 «Om nokon ber heilagt kjøt i kappefliken og fliken kjem borti brød eller kokt mat eller vin eller olje eller annan mat, blir då dette heilagt?» Prestane svara: «Nei.»
13 Så spurde Haggai: «Men om nokon har vorte urein gjennom å røra ved eit lik og han så kjem borti noko av dette, blir det då ureint?» Prestane svara: «Ja, det blir ureint.»