2 Å, om han ville kyssa megmed kyss av sin munn!Kjærleiken din er betre enn vin.
3 Angen av oljane dine er herleg,namnet ditt blir aust ut som olje.Difor likar jentene deg.
4 Ta meg med! Lat oss springa!Kongen har ført meg inn i sine rom.Lat oss jubla og gleda oss over deg,lat oss prisa din kjærleik høgare enn vin.Med rette likar dei deg.
5 Svart er eg, men søt,de Jerusalems døtrer,svart som Kedars telt,som Salomos teltdukar.
6 Sjå ikkje på at eg er så svart,at sola har brent meg.Sønene til mor mi var harde mot meg,dei sette meg til å vakta vinmarkene.Mi eiga vinmark har eg ikkje vakta.
7 Sei meg, du som eg elskar, kvar gjeter du?Kvar kviler du ved middagstid?Kvifor skulle eg gå som ei kvinne med slørder venene dine gjeter sauene?
8 Om du ikkje veit det,du vakraste av kvinner,følg spora etter flokkenog gjet kjea dineinnmed gjetarhyttene!