1 Eg er blomen frå Saron,lilja i dalen.
2 Som ei lilje mellom tistlar,slik er mi kjære mellom døtrene.
3 Som ein apal mellom trea i skogen,slik er kjærasten min mellom sønene.Å sitja i skuggen hans er ei nyting,hans frukt er søt for ganen.
4 Inn i vinhuset har han ført meg,hans merke over meg er kjærleik.
5 Styrk meg med rosinkaker,kveik meg med eple!For eg er sjuk av kjærleik.