2 Som ei lilje mellom tistlar,slik er mi kjære mellom døtrene.
3 Som ein apal mellom trea i skogen,slik er kjærasten min mellom sønene.Å sitja i skuggen hans er ei nyting,hans frukt er søt for ganen.
4 Inn i vinhuset har han ført meg,hans merke over meg er kjærleik.
5 Styrk meg med rosinkaker,kveik meg med eple!For eg er sjuk av kjærleik.
6 Venstre armen hans er under hovudet mitt,med den høgre held han rundt meg.
7 Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer,ved gasellane eller ved hindene i marka:Uroa ikkje kjærleiken!Vekk han ikkje før han sjølv vil!
8 Høyr, det er kjærasten,der kjem han,springande over fjell,hoppande over haug.