4 Inn i vinhuset har han ført meg,hans merke over meg er kjærleik.
5 Styrk meg med rosinkaker,kveik meg med eple!For eg er sjuk av kjærleik.
6 Venstre armen hans er under hovudet mitt,med den høgre held han rundt meg.
7 Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer,ved gasellane eller ved hindene i marka:Uroa ikkje kjærleiken!Vekk han ikkje før han sjølv vil!
8 Høyr, det er kjærasten,der kjem han,springande over fjell,hoppande over haug.
9 Kjærasten liknar ein gasell,ein ung hjort.Der står han bak muren vår.Han gløtter inn gjennom vindauga,kikkar inn gjennom gitteret.
10 Kjærasten tek til orde og seier:Stå opp, mi kjære, mi vakre jente,og kom!