7 Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer,ved gasellane eller ved hindene i marka:Uroa ikkje kjærleiken!Vekk han ikkje før han sjølv vil!
8 Høyr, det er kjærasten,der kjem han,springande over fjell,hoppande over haug.
9 Kjærasten liknar ein gasell,ein ung hjort.Der står han bak muren vår.Han gløtter inn gjennom vindauga,kikkar inn gjennom gitteret.
10 Kjærasten tek til orde og seier:Stå opp, mi kjære, mi vakre jente,og kom!
11 No er vinteren over,regnet er forbi, det er borte.
12 Landet blir dekt av blomar.Songtida er her,turteldua kan høyrast i landet.
13 Frukta på fikentreet mognar,og blomen på vinstokken angar.Stå opp, mi kjære, mi vakre jente,og kom!