2 «Eg vil opp og gå omkring i byenpå gater og torg.Eg vil leita etter han som eg elskar.»Eg leita, men fann han ikkje.
3 Vektarane som gjekk omkring i byen, fann meg.«Har de sett han som eg elskar?»
4 Eg hadde ikkje før gått frå dei,så fann eg han som eg elskar.Eg tok tak i han og sleppte han ikkjefør eg fekk han inn i huset til mor mi,i rommet til henne som fødde meg.
5 Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer,ved gasellane eller ved hindene i marka:Uroa ikkje kjærleiken!Vekk han ikkje før han sjølv vil!
6 Kven er ho som stig opp frå ørkenensom røyksøyler,omfløymd av angande myrra og røykjelse,av alt krydder ein kan få kjøpt?
7 Der er senga til Salomo!Seksti heltar omgjev henne,seksti av Israels heltar,
8 alle væpna med sverd,røynde i strid.Ved hofta ber kvar mann sverdmot redslene i natta.