1 Så vakker du er, mi kjære!Så vakker du er! Auga dine er duer bak sløret!Håret ditt er som ein geiteflokk,strøymande nedover Gileads fjell.
2 Tennene dine er som nyklipte sauersom kjem frå vask.Tvillingar har dei alle,og ingen har mista eit lam.
3 Leppene dine er som skarlaksband,og munnen din er herleg.Som ei skive av eit granatepleer tinningen bakom sløret.
4 Halsen din er som Davidstårnet,mura av hoggen stein.Tusen skjold heng på det,alle rundskjolda til heltane.
5 Brysta dine er som to gasellkalvar,tvillingar som beiter mellom liljene.
6 Heilt til dagen blæs skuggane bort,går eg til myrrafjelletog til røykjelseshaugen.