12 Ein stengd hage er mi syster, mi brur,ein stengd hage, ei forsegla kjelde.
13 Vokstrane dine er ein paradishageav granateple og herleg frukt,hennabuskar og nardusplanter,
14 nardus, safran, kalmus, kanel og alle slag røykjelsestre,myrra, aloe, alle dei finaste urter.
15 Du er kjelda i hagen,ei oppkome med levande vatnstrøymande frå Libanon.
16 Vakna, nordavind!Kom, sønnavind!Blås gjennom hagen minså urteangen fritt får strøyma.Å, om kjærasten min ville koma til hagenog eta herleg frukt!