5 Brysta dine er som to gasellkalvar,tvillingar som beiter mellom liljene.
6 Heilt til dagen blæs skuggane bort,går eg til myrrafjelletog til røykjelseshaugen.
7 Alt hos deg er vakkert, mi kjære,du er utan feil.
8 Kom med meg frå Libanon,kom med meg, mi brur!Stig ned frå toppen av Amana,frå toppen av Senir og Hermon,frå løvehòler, frå leopardfjell.
9 Du har fanga mitt hjarte, mi syster, mi brur.Du har fanga mitt hjarte med eit einaste augnekast,med ei einaste lenkje frå din hals.
10 Så vakker din kjærleik er, mi syster, mi brur!Kjærleiken din er betre enn vin,angen av oljane dine betre enn alle urter!
11 Frå leppene dine dryp finaste honning, mi brur.Honning og mjølk er under di tunge.Angen av kleda dine er som angen frå Libanon.