9 Du har fanga mitt hjarte, mi syster, mi brur.Du har fanga mitt hjarte med eit einaste augnekast,med ei einaste lenkje frå din hals.
10 Så vakker din kjærleik er, mi syster, mi brur!Kjærleiken din er betre enn vin,angen av oljane dine betre enn alle urter!
11 Frå leppene dine dryp finaste honning, mi brur.Honning og mjølk er under di tunge.Angen av kleda dine er som angen frå Libanon.
12 Ein stengd hage er mi syster, mi brur,ein stengd hage, ei forsegla kjelde.
13 Vokstrane dine er ein paradishageav granateple og herleg frukt,hennabuskar og nardusplanter,
14 nardus, safran, kalmus, kanel og alle slag røykjelsestre,myrra, aloe, alle dei finaste urter.
15 Du er kjelda i hagen,ei oppkome med levande vatnstrøymande frå Libanon.