11 Hovudet hans er skiraste gull,håret er krøllete, svart som ramnen.
12 Auga er som duer ved strøymande vatn.Dei laugar seg i mjølk,dei kviler i si ramme.
13 Kinna hans er som kryddersengerder angande urter veks.Leppene er liljer,dei dryp av rennande myrra.
14 Armane er stavar av gull,sette med krysolitt.Magen er ei plate av elfenbein,overstrødd med safirar.
15 Føtene er marmorsøyler,reiste på soklar av gull.Hans skapnad er som Libanon,staseleg som sedrane der.
16 Ganen smakar søtt,alt ved han gjev glede.Slik er min kjære, slik er kjærasten,de Jerusalems døtrer.