2 Eg søv, men hjartet vaker.Høyr, kjærasten bankar på.Lat opp for meg, mi syster,mi kjære, mi due, mi fullkomne.Hovudet mitt er dekt av dogg,håret mitt av nattedropar.
3 Eg har teke av meg kjolen,skal eg ta han på att?Eg har vaska føtene mine,skal eg skitna dei til att?
4 Kjærasten stakk handa inn gjennom luka,fekk magen min til å sitra.
5 Eg stod opp, ville opna for kjærasten.Hendene draup av myrra,det rann frå fingraneover handtaket på dørslåa.
6 Eg opna for kjærasten,men han hadde fare sin veg.Eg var heilt ifrå meg, han var borte.Eg leita etter han, men fann han ikkje;eg ropa på han, men han svara ikkje.
7 Vektarane som gjekk omkring i byen, fann meg.Dei skamslo meg,reiv sjalet av meg,vektarane på murane.
8 Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer,om de finn kjærasten min,fortel han at eg er sjuk av kjærleik.