7 Vektarane som gjekk omkring i byen, fann meg.Dei skamslo meg,reiv sjalet av meg,vektarane på murane.
8 Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer,om de finn kjærasten min,fortel han at eg er sjuk av kjærleik.
9 Kva skil kjærasten din frå andre,du vakraste mellom kvinner?Kva skil kjærasten din frå andre,sidan du bed oss så inderleg?
10 Kjærasten min er raudkinna og skinande,han skil seg ut mellom ti tusen menn.
11 Hovudet hans er skiraste gull,håret er krøllete, svart som ramnen.
12 Auga er som duer ved strøymande vatn.Dei laugar seg i mjølk,dei kviler i si ramme.
13 Kinna hans er som kryddersengerder angande urter veks.Leppene er liljer,dei dryp av rennande myrra.