1 Kvar er kjærasten din faren,du vakraste mellom kvinner?Sei, kvar har kjærasten teke vegen,vi vil hjelpa deg å leita.
2 Kjærasten gjekk ned til hagen sin,til angande urtesenger.Han ville gjeta i haganeog plukka liljer.
3 Kjærasten er min, og eg er hans,han som gjeter mellom liljene.
4 Du er vakker som Tirsa, mi kjære,praktfull som Jerusalem,farleg som ein hær under banner.
5 Vend auga dine bort,dei hærtek meg.Håret ditt er som ein geiteflokk,strøymande nedover Gilead.