2 Kjærasten gjekk ned til hagen sin,til angande urtesenger.Han ville gjeta i haganeog plukka liljer.
3 Kjærasten er min, og eg er hans,han som gjeter mellom liljene.
4 Du er vakker som Tirsa, mi kjære,praktfull som Jerusalem,farleg som ein hær under banner.
5 Vend auga dine bort,dei hærtek meg.Håret ditt er som ein geiteflokk,strøymande nedover Gilead.
6 Tennene dine er som nyklipte sauersom kjem frå vask.Tvillingar har dei alle,og ingen har mista eit lam.
7 Som skiva av eit granatepleer tinningen bakom sløret.
8 Seksti dronningar er det, åtti følgjekonerog unge jenter utan tal.