5 Vend auga dine bort,dei hærtek meg.Håret ditt er som ein geiteflokk,strøymande nedover Gilead.
6 Tennene dine er som nyklipte sauersom kjem frå vask.Tvillingar har dei alle,og ingen har mista eit lam.
7 Som skiva av eit granatepleer tinningen bakom sløret.
8 Seksti dronningar er det, åtti følgjekonerog unge jenter utan tal.
9 Berre éi er mi due, mi fullkomne,den einaste for mor si,elska av henne som fødde henne.Døtrene ser henne og prisar henne sæl,dronningar og følgjekoner hyllar henne.
10 Kven er ho som strålar lik morgonròden,vakker som månen, klår som sola,farleg som ein hær under banner?
11 Eg gjekk ned til nøttehagen,ville sjå kor det grønkast i dalen,om vinstokken hadde sett nye skot,om granataplane blømde.