2 Navlen din er ei rund skål,måtte han aldri mangla vin!Magen er ein kveiteåkerkransa inn av liljer.
3 Brysta dine er som to kalvar,tvillingar til ein gasell.
4 Halsen din er som eit elfenbeinstårn,auga som dammane i Hesjbonved Bat-Rabbim-porten.Nasen er som Libanon-tårnetsom ser mot Damaskus.
5 Hovudet kronar deg som Karmel,håret skimrar som purpur.Kongen er fanga i lokkane.
6 Så vakker du er, så nydeleg,du som eg elskar, full av lyst!
7 Du er høg som palmen,og brysta dine er som drueklasar.
8 Eg seier: Eg skal opp i den palmen,gripa tak i dei greinene.Brysta dine skal vera som klasane på vinstokken,din ande som angen av eple