4 Halsen din er som eit elfenbeinstårn,auga som dammane i Hesjbonved Bat-Rabbim-porten.Nasen er som Libanon-tårnetsom ser mot Damaskus.
5 Hovudet kronar deg som Karmel,håret skimrar som purpur.Kongen er fanga i lokkane.
6 Så vakker du er, så nydeleg,du som eg elskar, full av lyst!
7 Du er høg som palmen,og brysta dine er som drueklasar.
8 Eg seier: Eg skal opp i den palmen,gripa tak i dei greinene.Brysta dine skal vera som klasane på vinstokken,din ande som angen av eple
9 og ganen som den finaste vin,som lett går ned hos kjærasten min,som glir over leppene mine og tennene!
10 Eg høyrer kjærasten til,og til meg står hans trå.