9 og ganen som den finaste vin,som lett går ned hos kjærasten min,som glir over leppene mine og tennene!
10 Eg høyrer kjærasten til,og til meg står hans trå.
11 Kom, kjærasten min! Lat oss gå ut på marka!Vi overnattar mellom hennabuskar.
12 Ved daggry går vi til vinmarkene,ser om vinstokken har sett nye skot,om blomeknoppane har opna seg,om granataplane blømer.Der vil eg gje deg min kjærleik.
13 Kjærleiksepla angar,ved døra heng alle slag herleg frukt,både nyplukka og tørka.Kjærasten min, eg har gøymt dei til deg.