1 Var du som ein bror for meg,ein som mor mi hadde amma,då ville eg ha kyst degnår vi møttest ute,og ingen hadde forakta meg.
2 Så leidde eg deg til huset åt mor mi,ho som hadde fostra meg.Eg skulle skjenkt deg krydra vinog saft av granatepla mine.
3 Venstre armen hans er under hovudet mitt,med den høgre held han rundt meg.
4 Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer!Kvifor uroar de kjærleiken,kvifor vekkjer de han før han sjølv vil?
5 Kven er ho som stig opp frå ørkenen,stødd til kjærasten?Under apalen vekte eg deg,der mor di hadde rier,der ho fødde deg.