11 Salomo hadde ei vinmark i Baal-Hamon.Han gav vinmarka bort til paktarane,kvar av dei skulle gje hantusen sølvpengar for frukta.
12 Mi vinmark er berre mi, den rår eg over sjølv.Dei tusen er dine, Salomo,to hundre er til dei som vaktar frukta.
13 Du jente som held til i hagane,venene lyder på di røyst.Lat meg få høyra henne!
14 Fly, kjærasten min,ver som ein gasell, som ein ung hjortover fjell med angande urter!