4 Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer!Kvifor uroar de kjærleiken,kvifor vekkjer de han før han sjølv vil?
5 Kven er ho som stig opp frå ørkenen,stødd til kjærasten?Under apalen vekte eg deg,der mor di hadde rier,der ho fødde deg.
6 Set meg som eit segl på hjartet ditt,eit stempel på armen din!For kjærleiken er sterk som døden,lidenskapen ubøyeleg som dødsriket.Han brenn som logande eld,ein Herrens loge.
7 Veldige vatn sløkkjer ikkje kjærleiken,elvar skyl han ikkje bort.Om nokon gjev alt han eigfor å kjøpa kjærleik,blir han berre til lått.
8 Vi har ei lita systersom ikkje har bryst.Kva skal vi gjera med syster vården dagen ho blir lova bort?
9 Er ho ein mur, vil vi byggjatindar av sølv på han.Er ho ei dør, vil vi sperra hennemed ein sederplanke.
10 Eg var ein mur,og brysta mine som tårn;framfor hans auge har eg vortelik ei som finn fred.