12 Vinstokken er tørka inn, fikentreet visna,granateple, palme og apal,kvart tre på marka er tørt.Mellom menneska er gleda tørka inn.
13 Kled dykk til klage, prestar!Skrik, de som tener ved altaret!Gå inn og vak i sekkestrie,de som tener min Gud.For grødeoffer og drikkofferblir haldne borte frå dykkar Guds hus.
14 Rop ut ei heilag faste,kunngjer ei høgtidssamling!Kall saman dei eldste,alle som bur i landet,i Herren dykkar Guds husog rop til Herren!
15 Å, for ein dag!Ja, nær er Herrens dag,han kjem med vald frå Den veldige.
16 Vart ikkje maten borte for auga våre,glede og jubel frå vår Guds hus?
17 Såkornet har tørka under jordskorpa,bingane er tomme, låvane rivne,for kornet er tørka inn.
18 Kor buskapen rautar!Bølingar streifar omkring,for dei har ikkje beite.Sjølv saueflokkane må lida.