4 Det som var att etter den tyggjande grashoppa,åt den svermande,det som var att etter den svermande,åt den hoppande,det som var att etter den hoppande,åt den gnagande grashoppa opp.
5 Vakna, de drukne, og gråt!Klag, alle de som drikk vin,over druesaft munnen ikkje fekk smaka.
6 For eit folk har drege opp mot landet mitt,mektig og utan tal.Tenner har dei som ei løveog kjevar som ei løvinne.
7 Dei øydela vinstokkane mineog knekte fikentrea,flekte av, slengde bort,greinene vart kvite.
8 Klag som ei sørgjekledd jomfruklagar over sin ungdoms brudgom!
9 Grødeoffer og drikkofferfinst ikkje lenger i Herrens hus,prestane, Herrens tenarar, sørgjer.
10 Åkeren er øydelagd, jorda sørgjer,for kornet er øydelagt, vinen tørka inn,oljen er borte.