6 For eit folk har drege opp mot landet mitt,mektig og utan tal.Tenner har dei som ei løveog kjevar som ei løvinne.
7 Dei øydela vinstokkane mineog knekte fikentrea,flekte av, slengde bort,greinene vart kvite.
8 Klag som ei sørgjekledd jomfruklagar over sin ungdoms brudgom!
9 Grødeoffer og drikkofferfinst ikkje lenger i Herrens hus,prestane, Herrens tenarar, sørgjer.
10 Åkeren er øydelagd, jorda sørgjer,for kornet er øydelagt, vinen tørka inn,oljen er borte.
11 Bøndene blir til skamme,og vindyrkarane klagarover kveite og bygg,for grøda på åkeren er tapt.
12 Vinstokken er tørka inn, fikentreet visna,granateple, palme og apal,kvart tre på marka er tørt.Mellom menneska er gleda tørka inn.