13 Riv hjartet sund, ikkje kleda!Vend om til Herren dykkar Gud!For han er nådig og mild,sein til vreide og rik på miskunn,og han kan angra på ulukka.
14 Kven veit om han vender om og angrarog legg velsigning etter seg– grødeoffer og drikkoffer for Herren dykkar Gud.
15 Blås i horn på Sion,rop ut ei heilag faste,kunngjer høgtidssamling!
16 Kall folket saman,helga forsamlinga!Lat dei gamle samlast,og lat småborn og spedborn koma saman.Lat brudgomen gå ut frå sitt romog brura ut frå sitt kammer!
17 Mellom forhall og altarskal prestane, Herrens tenarar,gråta og seia:«Herre, spar ditt folk,gjer ikkje din eigedom til spottså folkeslag får rå over dei!Kvifor skal dei seia mellom folka:Kvar er deira Gud?»
18 Då vart Herren fylt av lidenskap for sitt landog viste medkjensle med folket sitt.
19 Og Herren svara sitt folk:Sjå, eg vil senda dykk korn, ny vin og fin oljeså de kan bli mette.Aldri meir skal eg gjera dykktil spott mellom folka.