5 som krigsvogner over fjellaskramlar dei fram,lik eld som sprakar i halmen,lik eit sterkt folk rusta til krig.
6 Folkeslag skjelv for dei,kvart andlet blir raudt.
7 Som krigarar rusar dei fram,som stridsmenn stormar dei murar.Kvar mann går strake vegen framog bøyer ikkje av frå stigen.
8 Dei pressar ikkje kvarandre bort,kvar mann held sin plass,mellom kastespyd rusar dei framog lèt seg ikkje stansa.
9 Dei fer inn i byen,dei stormar opp på muren,dei trengjer inn i husa,gjennom vindauga går dei som tjuvar.
10 Jorda skjelv framfor dei,og himmelen rister.Sol og måne svartnar,og stjernene mistar sin glans.
11 Herren hevar røysta framfor sin hær,for veldig er hæren hans,og mektige er dei som lyder hans ord.Ja, stor og skremmande er Herrens dag,kven kan halda han ut?