8 Dei pressar ikkje kvarandre bort,kvar mann held sin plass,mellom kastespyd rusar dei framog lèt seg ikkje stansa.
9 Dei fer inn i byen,dei stormar opp på muren,dei trengjer inn i husa,gjennom vindauga går dei som tjuvar.
10 Jorda skjelv framfor dei,og himmelen rister.Sol og måne svartnar,og stjernene mistar sin glans.
11 Herren hevar røysta framfor sin hær,for veldig er hæren hans,og mektige er dei som lyder hans ord.Ja, stor og skremmande er Herrens dag,kven kan halda han ut?
12 Men sjølv no, seier Herren,vend om til meg av heile dykkar hjarte,med faste og gråt og klage.
13 Riv hjartet sund, ikkje kleda!Vend om til Herren dykkar Gud!For han er nådig og mild,sein til vreide og rik på miskunn,og han kan angra på ulukka.
14 Kven veit om han vender om og angrarog legg velsigning etter seg– grødeoffer og drikkoffer for Herren dykkar Gud.