14 Rop dette ut mellom folka,lys heilag krig, vekk krigarane!Lat alle stridsmenn møta fram og dra ut!
15 Smi plogskjera om til sverdog vingardsknivane til spyd!Den veike skal seia: «Eg er ein helt.»
16 Skund dykk og kom!Kom saman, alle folkeslag, frå alle kantar, Herre, før dine krigarar ned!
17 Folkeslaga skal bryta oppog fara til Josjafat-dalen,for der vil eg sitja til domsover folk frå alle kantar.
18 Send sigden ut, for hausten er mogen,kom og trakk, for vinpressa er full,pressekummane fløymer over, for vondskapen deira er stor.
19 Larm og atter larm i Dommens dal,for Herrens dag er nær i Dommens dal.
20 Sol og måne svartnar,og stjernene mistar sin glans.