2 Sjølv over slavar og slavekvinnervil eg ausa ut min Ande i dei dagane.
3 Eg set varselpå himmel og jord,blod og eld og røyksøyler.
4 Sola blir omskapt til mørkerog månen til blodfør Herrens dag kjem, den store og skremmande.
5 Då skal kvar den som kallar på Herrens namn, bli berga.For på Sion-fjellet og i Jerusalemskal det finnast berging,som Herren har sagt.Og mellom dei overlevandeer dei som Herren kallar.
6 For sjå, i dei dagane og på den tida,når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,
7 då vil eg samla alle folkeslagog føra dei ned i Josjafat-dalen.Der vil eg halda rettargang med deiom Israel, mitt folk og min eigedom,som dei spreidde mellom folka.Dei delte landet mitt
8 og kasta lodd om folket mitt,dei gav ein gut for ei horeog selde ei jente for vin,og den drakk dei opp.