21 Herren skal brøla frå Sion,la røysta ljoma frå Jerusalem,himmel og jord skal skjelva.Men Herren er eit vern for sitt folk,ei borg for Israels born.
22 Då skal de kjennaat eg er Herren dykkar Gudsom bur på Sion, mitt heilage fjell.Jerusalem skal vera ein heilag stad,der skal framande aldri meir koma inn.
23 Den dagen skal det skjeat fjella dryp av druesaftog haugane fløymer med mjølk,og i alle bekkefar i Judaskal det renna vatn.Ei kjelde skal vella fram frå Herrens husog vatna Akasiedalen.
24 Egypt skal bli til ei øydemarkog Edom til ein aud ørkenpå grunn av valdsverket mot judearane,fordi dei spilte skuldlaust blod i sine land.
25 Men i Juda skal det alltid bu folk,og i Jerusalem slekt etter slekt.
26 Eg vil hemna deira blodog ikkje spara dei skuldige. Herren bur på Sion.