6 For sjå, i dei dagane og på den tida,når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,
7 då vil eg samla alle folkeslagog føra dei ned i Josjafat-dalen.Der vil eg halda rettargang med deiom Israel, mitt folk og min eigedom,som dei spreidde mellom folka.Dei delte landet mitt
8 og kasta lodd om folket mitt,dei gav ein gut for ei horeog selde ei jente for vin,og den drakk dei opp.
9 Så, kva vil de meg, Tyros og Sidon og alle filistarbygder? Vil de ta igjen for noko eg har gjort? Gjer de meg noko vondt, skal eg straks la det koma over dykkar eige hovud,
10 for de tok sølvet og gullet mitt og førte bort mine dyraste skattar til dykkar eigne tempel,
11 de selde folket i Juda og Jerusalem til jonarane for å føra dei langt bort frå landet sitt.
12 Sjå, no vekkjer eg dei frå staden de har selt dei til, og lèt det de har gjort, koma over dykkar eige hovud.