2 Herren er ein nidkjær Gud som tek hemn. Herren tek hemn og er full av harme. Herren tek hemn over motstandarane,han held fast på vreiden mot fiendane.
3 Herren er sein til vreide,makta hans er stor. Herren lèt ikkje vera å straffa.Hans veg går gjennom kvervelvind og storm,skyer er støvet under føtene hans.
4 Han trugar havet og legg det tørt,alle elvar tørkar han ut.No visnar Basan og Karmel,Libanons blomeprakt visnar bort.
5 Fjella skjelv for han,høgdene smeltar.Jorda vik bort for hans andlet,verda og alle som bur der.
6 Kven kan stå seg for harmen hans,kven held ut den brennande vreiden?Raseriet hans strøymer fram som eld.Framfor han blir knausane knuste.
7 Herren er god,eit vern på trengselsdagen.Han tek seg av deisom søkjer tilflukt hos han.
8 Men med ei veldig flodbølgjeknuser han staden der ho låg.Han jagar fiendane sine inn i mørkret.