1 Sjå, dei spring over fjella,føtene til den som ber bodog forkynner fred.Hald dine høgtider, Juda,og gjer det du har lova!For aldri meir kjem dei vonde mot deg,dei er heilt utrydda.
2 Han som skal spreia deg,tek ut mot deg.Hald vakt i borga,hald auge med vegen!Spenn beltet om livet,vis stor kraft og styrke!
3 For Herren reiser opp attbåde Jakobs og Israels stordom,fordi ransmenn tok rovog la vinrankene deira aude.
4 Skjolda til heltane er farga raude,krigsmennene er kledde i skarlak.Vognene er som brennande jernden dagen han stiller dei opp til kamp,spyda er innsette med gift.