9 Ninive liknar ein damsom vatnet renn ut av.«Stans! Stans!»Men ingen kjem att.
10 Ran sølv, ran gull!Her er rikdom utan ende,rikeleg med vakre ting.
11 Øydelegging, meir øydelegging,alt ligg audt!Redde hjarte, vaklande kne,hoftene skjelv, kvart andlet blir raudt.
12 Kvar er løvehòlader ungløvene fekk mat,der løve og løvinne gjekkog ingen skremde løveungane?
13 Løva reiv i hel,ungane fekk det dei trong,ho kvelte byttet for løvinnene sine,fylte hi og hòler med kjøt.
14 Sjå, eg kjem mot deg,seier Herren over hærskarane.Eg lèt vognene dine gå opp i røyk.Sverd skal eta ungløvene dine,byttet ditt vil eg rydda ut frå jorda.Ropet frå dine sendebodskal aldri høyrast meir.