10 Ho òg måtte dra i eksil som fange.Borna hennar vart knustepå alle gatehjørne,dei kasta lodd om stormennene,dei mektige vart lagde i lenkjer.
11 Du òg skal drikka deg full.Du skal gøyma deg.Du òg skal søkja vern mot fienden.
12 Alle festningane dineer som fikentre med tidleg frukt.Blir dei riste, fell det fikeni munnen på den som vil eta.
13 Sjå, krigsfolket hos deg er som kvinner.Portane til landet skal stå vidopne for fienden.Eld skal eta bommane dine.
14 Hent opp vatn før du blir kringsett,set festningane i stand.Trakk gjørme, stamp leire,ta mursteinsforma fram!
15 Der skal elden eta deg,sverdet skal rydda deg ut,det et som grashopper.Bli mange som grashopper,mange som sirissar!
16 Handelsmennene dine vart fleireenn stjernene på himmelen.Grashoppa opnar seg og flyg.