4 Det er fordi ho har drive hor,den vakre, trollkunnige horasom slavebatt folkeslag med sitt horog stammar med sin trolldom.
5 Sjå, eg kjem mot deg!seier Herren over hærskarane.Eg lyfter kjolen din over andletet på degog viser deg naken fram for folkeslag,eg viser skamma di til kongerike.
6 Eg kastar skit på deg,vanærar degog syner deg fram.
7 Alle som ser deg, skal flyktaog seia: «Ninive er herja,kven har medkjensle med henne?»Kvar skal eg leitaetter trøystarar til deg?
8 Er du betre enn No-Amon,som låg ved Nilen, med vatn ikring,med havet til vollog vatnet til mur?
9 Kusj og Egypt var styrken hennar,ein styrke utan grenser.Put og libyarane gav henne hjelp.
10 Ho òg måtte dra i eksil som fange.Borna hennar vart knustepå alle gatehjørne,dei kasta lodd om stormennene,dei mektige vart lagde i lenkjer.