6 Eg kastar skit på deg,vanærar degog syner deg fram.
7 Alle som ser deg, skal flyktaog seia: «Ninive er herja,kven har medkjensle med henne?»Kvar skal eg leitaetter trøystarar til deg?
8 Er du betre enn No-Amon,som låg ved Nilen, med vatn ikring,med havet til vollog vatnet til mur?
9 Kusj og Egypt var styrken hennar,ein styrke utan grenser.Put og libyarane gav henne hjelp.
10 Ho òg måtte dra i eksil som fange.Borna hennar vart knustepå alle gatehjørne,dei kasta lodd om stormennene,dei mektige vart lagde i lenkjer.
11 Du òg skal drikka deg full.Du skal gøyma deg.Du òg skal søkja vern mot fienden.
12 Alle festningane dineer som fikentre med tidleg frukt.Blir dei riste, fell det fikeni munnen på den som vil eta.