1 Obadjas syn.Så seier Herren Gud om Edom:Ein bodskap har vi høyrt frå Herren,ein bodberar er send til folkeslaga:«Opp! Vi går til krig mot Edom!»
2 Sjå, eg gjer deg liten mellom folka,djupt forakta skal du vera.
3 Ditt hovmodige hjarte har narra deg,du som bur i fjellkløfterog held til høgt der oppe.Du seier i hjartet:«Kven kan støyta meg til jorda?»
4 Om du stig høgt som ørna,om du legg reiret ditt mellom stjerner,skal eg støyta deg ned derifrå,seier Herren.
5 Om tjuvar kom til deg,om røvarar kom om natta– det er ute med deg! –tok dei då berre det dei trong.Om drueplukkarar kom til deg,lèt dei då att ein etterhaust.
6 Men Esau blir gjennomsøkt,dei løynde skattane hans blir leita opp.
7 Alle du var i pakt med,driv deg av stad mot grensa.Alle du hadde fred med,svik deg og sigrar over deg.Dei som delte brød med deg,set feller for deg:«Det finst ikkje vit i han.»