10 og vald mot Jakob, bror din,skal du dekkjast av skam.Du skal utryddast for alltid.
11 Den dagen du heldt deg borte,dagen då framande førte hæren hans bort som fangar,då utlendingar gjekk inn gjennom hans portarog kasta lodd om Jerusalem,då var du som ein av dei.
12 Sjå ikkje på bror din med frydpå lagnadsdagen hans!Gled deg ikkje over folket i Judaden dagen dei går til grunne!Ver ikkje stor i munnenden dagen dei er i naud!
13 Gå ikkje inn gjennom porten til folket mittpå ulukkedagen deira!Sjå ikkje med glede, du òg,på det vonde som råka deipå ulukkedagen!Grip ikkje etter rikdomen deirapå ulukkedagen!
14 Still deg ikkje ved vegskiljafor å hogga ned flyktningane!Utlever ikkje dei overlevandeden dagen det er naud!
15 For Herrens dag er nærover alle folkeslag.Slik du har gjort,skal det gjerast mot deg.Dine gjerningar kjem attover ditt eige hovud.
16 Som de drakk på mitt heilage fjell,skal alle folkeslag alltid drikka,drikka og svelgjaog bli som om dei aldri hadde vore til.