13 Gå ikkje inn gjennom porten til folket mittpå ulukkedagen deira!Sjå ikkje med glede, du òg,på det vonde som råka deipå ulukkedagen!Grip ikkje etter rikdomen deirapå ulukkedagen!
14 Still deg ikkje ved vegskiljafor å hogga ned flyktningane!Utlever ikkje dei overlevandeden dagen det er naud!
15 For Herrens dag er nærover alle folkeslag.Slik du har gjort,skal det gjerast mot deg.Dine gjerningar kjem attover ditt eige hovud.
16 Som de drakk på mitt heilage fjell,skal alle folkeslag alltid drikka,drikka og svelgjaog bli som om dei aldri hadde vore til.
17 Men på Sion-fjellet skal det finnast berging.Det skal vera heilagt.Jakobs hus skal driva ut dei som dreiv dei ut.
18 Jakobs hus skal vera ein eldog Josefs hus ein loge,og Esaus hus skal bli til halm.Dei skal brenna dei og fortæra dei,ikkje éin frå Esaus hus skal overleva. Herren har tala.
19 Negev skal ta Esaus fjell i eige,låglandet skal ta filistarlandet,dei skal ta Efraim-landet og Samaria-landet,og Benjamin skal ta Gilead i eige.