3 Ditt hovmodige hjarte har narra deg,du som bur i fjellkløfterog held til høgt der oppe.Du seier i hjartet:«Kven kan støyta meg til jorda?»
4 Om du stig høgt som ørna,om du legg reiret ditt mellom stjerner,skal eg støyta deg ned derifrå,seier Herren.
5 Om tjuvar kom til deg,om røvarar kom om natta– det er ute med deg! –tok dei då berre det dei trong.Om drueplukkarar kom til deg,lèt dei då att ein etterhaust.
6 Men Esau blir gjennomsøkt,dei løynde skattane hans blir leita opp.
7 Alle du var i pakt med,driv deg av stad mot grensa.Alle du hadde fred med,svik deg og sigrar over deg.Dei som delte brød med deg,set feller for deg:«Det finst ikkje vit i han.»
8 Den dagen, seier Herren,skal eg utsletta dei vise i Edomog klokskapen på Esaus fjell.
9 Dine krigarar, Teman, blir slegne av skrekk,for kvar og ein skal utryddast frå Esaus fjell.På grunn av drap